Rapporten summerer og diskuterer overvakingsdata frå dei tre rasteplassane Mefjellet, Liasanden og Oscarshaug, langs riksveg 55, sommaren 1998. Dette er tredje feltsesongen og vi drøftar data frå i år i høve til tidlegare år. Dette var den første sesongen med full turistaktivitet på Mefjellet og Liasanden, og vi ser arbeidet så langt primært som ein grunnlagsdatabase. Rapporten er delt i to, med ein samfunnsfagleg del om brukaråtferd (ØF), og ein naturfagleg del med botaniske registreringar (TERM). Både åtferdstudien og dei botaniske registreringane legg mest vekt på bruk og slitasje ved rasteplassane Mefjellet og Liasanden, men vi har også lagt inn ein etterstudie på Oscarshaug for å vurdere effekten av restaurerings- og kanaliseringsarbeidet som er gjort der. Vi avsluttar både del A og del B med vurderingar og tilrådingar av lokal og generell karakter, samt synspunkt på sannsynleg slitasjeutvikling ved dei aktuelle rasteplassane. Vi understrekar behovet for å følgje opp overvakingsarbeidet på Sognefjellet.

Order Report

Miljøovervaking langs Sognefjellsvegen.Årsrapport og samanfatning 1996 – 1998 | (report no. 199828)

    Ditt navn (obligatorisk)

    Din adresse (obligatorisk)

    Postnummer og sted (obligatorisk)

    Send faktura til postadresse

    Faktureringsadresse

    Postnummer og sted

    E-post (obligatorisk)

    Antall

    Pris: 250,-

    Porto kommer i tillegg i henhold til Postens gjeldende satser.

    X