Målet med denne evalueringa har først og fremst vore å vudere i kva grad «Veiledningssentralen» har oppfyllt målsettinga om å gjere husflidsplassar innanfor husflids-, og handverks- og småindustriverksemd i Buskerud fylke. Eg har lagt vekt på å sjå effekten av sentralen i samanheng med brukarane sine holdningar til sentralen og si eiga næring. I denne samanhengeen trekker eg fram to viktige funn: 1) Dei etablerte heiltidsprodusentane hadde klarast forestillingar om sentralen og kva dei ville bruke han til. 2) Det var dei nyetablerte, dei som vart etablerte etter at sentralen kom til, som i største grad representerte den økonomiske nyttetenkinga, ikkje dei etablerte produsentane. Eg finn at endring i retning av heiltidsproduksjon og næringstenking i hovudsak skuldast dei nye produsentane. Eg dokumenterer at produsentane har endra seg markant på fleire indikatorar innanfor viktige område som økonomi, produkt, samarbeid og trivsel/inspirasjon. Produsentane meiner i ulik grad at sentralen har hatt betydning for denne endringa. Den mest markante endringa er endringa på indikatoren «auka interesse for marknadsføring».
Bestill rapport
Frå tradisjonsmedvit til næringsvett | (rapportnr. 199416)