Miljøovervaking langs Rv 55. Årsrapport 1997

Rapporten summerer og diskuterer data frå dei tre rasteplassane Oscarshaug, Mefjellet og Liasanden langs riksveg 55 sommaren 1997. Der det er grunnlag for det, drøftar vi resultat frå 1996 og 1997 i samanheng. Mefjellet og Liasanden vart fyrst ferdig utbygde på ettersommaren, like før registreringsarbeidet vart gjort. Sjølve grunnlaget for overvakinga ligg primært i å… Les mer »

Reiselivsprosjektets Overvakingsprogram. Registreringar langs Sognefjellsvegen, 1996.

Notatet summerer og diskuterer data som er samla inn ved dei tre rasteplassane Oscarshaug, Mefjellet og Liasanden langs riksveg 55. Dei to siste var ikkje ferdig utbygd då registreringarbeidet vart gjort. Vi har delt rapporten i to – ein samfunnsfagleg del (ØF) og ein naturfagleg del (NINA) – men både i felt og under rapporteringa… Les mer »

Miljøkonsekvensar av friluftsliv

Rapporten drøftar ulike verdiperspektiv i naturforvaltninga. Vidare presenterer og drøftar vi samanhengar mellom ulike former for friluftsliv og kva slags effektar denne bruken kan ha på ulike naturelement. Vi gjev ein gjennomgang av arbeids- og målemetodar som kan nyttast for å kartleggje slike samanhengar, og ein presentasjon av systematiske arbeidsmodellar som forvaltninga kan nytte for… Les mer »

Plan for overvaking av miljøpåverknad på Svalbard, forårsaka av friluftsliv og turisme

Rapporten er delt i to hovudbolkar. Den første bolken har ei overordna og prinsippiell tilnærming, både miljøfagleg, forvaltningsmessig og overvakingsmetodisk. Her prøver vi å setje miljøpåverknad og overvakingsarbeid inn i ein forvaltningsmessig samanheng, og diskuterer fenomen som bereevne, indikatorproblem, relevans, ressursbruk, fagkompetanse og reguleringsalternativ. Denne bolken munnar ut i eit kapittel der vi diskuterer aktuelle… Les mer »

Miljøovervaking langs Sognefjellsvegen.Årsrapport og samanfatning 1996 – 1998

Rapporten summerer og diskuterer overvakingsdata frå dei tre rasteplassane Mefjellet, Liasanden og Oscarshaug, langs riksveg 55, sommaren 1998. Dette er tredje feltsesongen og vi drøftar data frå i år i høve til tidlegare år. Dette var den første sesongen med full turistaktivitet på Mefjellet og Liasanden, og vi ser arbeidet så langt primært som ein… Les mer »