Denne analysen er ein kvalitativ analyse av intervju gjort med det næringspolitiske tiltaksapparatet i Nord-Gudbrandsdalen, studentar i Trondheim, Oslo, Ås og Bergen samt eit utval av kvinner i Nord-Gudbrandsdalen. Fokus var å finne ut kva vilkår det er som avgjer kvifor kvinner vel å bu, eventuelt ikkje bu, i regionen. Analysen viser at det enno er kulturelle trekk som kan virke avskrekkande på nokre kvinner, men alt i alt er det klart at regionen er attraktiv for spesielt småbarnsfamiliar. Det er likevel store utfordringar knytt til å skape ein god nok jobbmarknad for høgt udanna par. Det er òg viktig å vere klar på at fagmiljøa er i minste laget, slik mange kvinner ser det – spesielt med tanke på den første jobben.
Bestill rapport
Bulyst, kjønn og entreprenørskap – ein kvalitativ analyse | (rapportnr. 200916)