Rapporten tar for seg studentar ved fjernundervisningsinstitusjonar i Norge som nyttar brev som kommunikasjonsmedium. Rapporten kartlegg kven studentane er, kva for kurs dei vel, kvifor dei vel bestemte kurs og fjernundervisning som utdanningsform og litt om kva som har vorte resultatet av studia. Vi finn .ao at den typiske fjernundervisningsstudent er “litt” meir ressurssterk enn studentar/elevar i det ordinære utdanningssystemet. Vidare finn vi at mannelege studentar har meir utdanning, ligg høgare i yrkeshierarkiet og tener meir enn kvinnelege studentar. Vi finn naturleg nok eit klart skulje mellom ressursbakgrunn og val av kursnivå. Dei mest ressurssterke vel kurs innanfor høgare utdanning, dei med lågare score på våre bakgrunnsvariablar vel kurs på vidaregåande nivå. Kategorien øvrige kurs, som ikkje har parallellar i det ordinære utdanningssystmeet er det først og fremst sjølvstendig næringsdrivande som vel. Dei mest ressurssterke studentane nyttar fjernundervisningssystemet til det vi har kalla “horisontal ekspansjon” (gjere ein betre jobb der ein er) medan dei med lågare score på våre bakgrunnsvariabler nyttar systemet til oppbrot (kome i arbeid, skifte jobb, betre utgangspunkt for utdanning). Studentane våre meiner at dei sjølve har hatt størst betydning for dei vala dei har gjort og seier at den viktigaste grunnen til val av utdanningsform har vore at dei vil kombinere utdanning med andre gjøremål. Eit av dei mest sentrale resultata vi kan syne til er at dei studentane som hadde lågast sjølvtillit frå før er dei som i størst grad har fått forbetra denne i løpet av studiet.

Order Report

Den sjølmedvitne einsemda, ein studie av studentane ved norske fjernundervisningsinstitusjonar. | (report no. 199406)

    Ditt navn (obligatorisk)

    Din adresse (obligatorisk)

    Postnummer og sted (obligatorisk)

    Send faktura til postadresse

    Faktureringsadresse

    Postnummer og sted

    E-post (obligatorisk)

    Antall

    Pris: 100,-

    Porto kommer i tillegg i henhold til Postens gjeldende satser.

    X