Rapporten drøftar ulike verdiperspektiv i naturforvaltninga. Vidare presenterer og drøftar vi samanhengar mellom ulike former for friluftsliv og kva slags effektar denne bruken kan ha på ulike naturelement. Vi gjev ein gjennomgang av arbeids- og målemetodar som kan nyttast for å kartleggje slike samanhengar, og ein presentasjon av systematiske arbeidsmodellar som forvaltninga kan nytte for å handtere miljøverknad. Vi vektlegg at ein miljøverknad ikkje nødvendigvis er eit miljøproblem. Eit sentralt element i desse forvaltningsmodellane er å få klart fram for kven dei ulike påverknadane er problematiske, samt kvifor og kva som er kritiske påverknadsnivå. Rapporten blir avslutta med ei vurdering av kunnskapsbehovet.
Bestill rapport
Miljøkonsekvensar av friluftsliv | (rapportnr. 199602)