Rapporten summerer og diskuterer data frå dei tre rasteplassane Oscarshaug, Mefjellet og Liasanden langs riksveg 55 sommaren 1997. Der det er grunnlag for det, drøftar vi resultat frå 1996 og 1997 i samanheng. Mefjellet og Liasanden vart fyrst ferdig utbygde på ettersommaren, like før registreringsarbeidet vart gjort. Sjølve grunnlaget for overvakinga ligg primært i å sikre viktige opplevingskvalitetar langs Sognefjellsvegen. Vi har delt rapporten i tre, med ein samfunnsfagleg del om brukaråtferd (ØF), ein naturfagleg del med botaniske registrerringar (TERM), samt utvalde resultat frå brukarundersøkingane (hovudfagsarbeid i geografi – UiO). Åtferdstudien konsentrerer seg om brukarane av rasteplassane Mefjellet og Liasanden. Den naturfaglege delen omfattar botaniske registreringar på Liasanden og Mefjellet; delvis reanalysar av flater utlagde i 1996 og delvis nye analyseflater. Brukarstudien gjeld turistar som stoppa ved Oscarshaug og Liasanden, både i 1996 og 1997. Avslutningsvis skisserer vi arbeidsplan for 1998, med vekt på åtferdstudiar, botaniske registreringar, kulturminneovervaking og kursverksemd

Bestill rapport

Miljøovervaking langs Rv 55. Årsrapport 1997 | (rapportnr. 199720)

    Ditt navn (obligatorisk)

    Din adresse (obligatorisk)

    Postnummer og sted (obligatorisk)

    Send faktura til postadresse

    Faktureringsadresse

    Postnummer og sted

    E-post (obligatorisk)

    Antall

    Pris: 100,-

    Porto kommer i tillegg i henhold til Postens gjeldende satser.

    X