Denne rapporten er basert på ein spørjeundersøking til eit utval av kvinner og menn i Nord-Gudbrandsdalen. Rapporten har som mål å finne moglege faktorar som påverkar “bulyst”. Fokus for rapporten ligg på likestilling, og dei ekstra utfordringar som fråflytting av kvinner har hatt å seie for ein del regionar i Noreg. Denne rapporten viser at forskjellen mellom kvinner og menn når det gjeld utflytting er mindre nå enn før. Den viser òg at det er små forskjellar mellom menn og kvinner når det gjeld “bulyst”, i alle fall slik det er definert i denne rapporten. Blant dei som svara på undersøkinga hadde fleire kvinner enn menn lyst å starte eigen verksemd. Samtidig var kvinner i større mon enn menn skeptisk til dei entreprenørielle moglegheitene i Nord-Gudbrandsdalen. Funna frå denne rapporten er ikkje mogleg å generalisere til populasjonen i Nord-Gudbrandsdalen, då undersøkinga ikkje er strengt representativ.

Order Report

Motstrøms – om bulyst, demografi og arbeidslyst | (report no. 200820)

    Ditt navn (obligatorisk)

    Din adresse (obligatorisk)

    Postnummer og sted (obligatorisk)

    Send faktura til postadresse

    Faktureringsadresse

    Postnummer og sted

    E-post (obligatorisk)

    Antall

    Pris: 110,-

    Porto kommer i tillegg i henhold til Postens gjeldende satser.

    X