Rapporten startar breidt og prinsipielt med å diskutere fenomena berekraftig utvikling og berekraftig reiseliv. Forfattarane poengterer si oppfatning av termane og temaet. Under drøfting av forholdet mellom reiseliv og naturvern skisserer vi tre aktuelle modellar: sameksistens, konflikt og symbiose. Før den meir konkrete bolken om ferdsel i naturen, drøftar vi verdiproblemet knytt til naturvern og naturbruk. Vår forankring er at alle slike verdiar er sosiale eller samfunnsmessige verdiar: Verdiane ligg ikkje i naturen, dei ligg i menneska. Dette er eit essensielt utgangspunkt for korleis vi vurderer fenomenet berekraft eller tolegrense. Ferdselskapitlet drøftar tre prinsippielle problemstillingar: Ferdsel eller ferdselsforbod, organisert eller individuell ferdsel, og spørsmålet om tilrettelegging for ferdsel eller ikkje. Vi poengterer her behovet for nyanserte og lokalt forankra behovsvurderingar og reguleringsløysingar. Etter ein del internasjonale døme på det å integrere miljøomsyn i strategiutvikling og reiselivsplanlegging, diskuterer vi ulike verkemiddel for å hindre og eventuelt takle miljøkonfliktar av reiselivstiltak. Rapporten vert avslutta med eit poengert oppsummeringskapittel.

Order Report

Reiseliv og naturbruk. Om reguleringsbehov og styringstiltak | (report no. 199607)

    Ditt navn (obligatorisk)

    Din adresse (obligatorisk)

    Postnummer og sted (obligatorisk)

    Send faktura til postadresse

    Faktureringsadresse

    Postnummer og sted

    E-post (obligatorisk)

    Antall

    Pris: 150,-

    Porto kommer i tillegg i henhold til Postens gjeldende satser.

    X