Det overordna spørsmålet som ligg til grunn for denne rapporten er kva forhold som fremmar og hemmar levedyktige lokalsamfunn. Rapporten består av to delar: Del I er ei litteraturstudie og del II ei intervjuundersøking blant 28 kvinner og menn i dei tre fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. For å avgrense prosjektet har vi retta søkelyset mot nærings- og arbeidsliv; demografi, flytting og bustadpreferansar; deltaking og påverknad i lokalsamfunnet. Kjønn og livsløp er gjennomgåande perspektiv i studia.
Bestill rapport
Orienteringsløp i ulendt terreng – Ein studie av kvinner og menn i distrikta | (rapportnr. 200208)