Notatet summerer og diskuterer data som er samla inn ved dei tre rasteplassane Oscarshaug, Mefjellet og Liasanden langs riksveg 55. Dei to siste var ikkje ferdig utbygd då registreringarbeidet vart gjort. Vi har delt rapporten i to – ein samfunnsfagleg del (ØF) og ein naturfagleg del (NINA) – men både i felt og under rapporteringa har vi hatt eit nært fagleg samarbeid. Sjølve grunnlaget for overvakinga ligg i behovet å sikre dei opplevingskvalitetar som gjorde at Sognefjellsvegen vart plukka ut som ein av turistvegane i Vegdirektoratets reiselivsprosjekt. Den samfunnsfaglege delen konsenterer seg om åtferdstudiar blant brukarane av rasteplassen på Oscarshaug og konkluderer med behovet for ei sterkare forvaltningsmessig integrering mellom rasteplassen og sjølve Oscarshaugen. Det er behov for å betre kanaliseringa av ferdselen for å dempe slitasjeomfanget rundt Oscarshaugen. Den naturfaglege delen konsentrerer seg om dei botaniske grunnregistreringane på Liasanden og Mefjellet, med vekt på metodeutprøving og diskusjon om bruken av botaniske miljøindikatorar ved overvaking av tilstanden på og omkring slike rasteplassar. Her er også ein presentasjon av dokumenterte miljøkvalitetar ved dei to rasteplassane. Avslutningsvis skisserer vi arbeidsplan for 1997 for kvart av dei to fagfelta.
Bestill rapport
Reiselivsprosjektets Overvakingsprogram. Registreringar langs Sognefjellsvegen, 1996. | (rapportnr. 199612)